Offentlig
Jaktregler
Gjeldende jaktregler for Nordre Vartdal Grunneierlag.
Jaktreglar for Nordre Vartdal Grunneierlag 2026
Stadfesta på årsmøte 2026 – revidert under jakta 2026
All jakt skal utøvast i samsvar med viltlova, forskrifter og andre offentlege reglar.
1. Jakttider og jaktutøving
Jakt i utmark er ikkje tillate om natta. Jakta følgjer soloppgang og solnedgang, med eit tillegg på éin time før soloppgang og éin time etter solnedgang.
Ved jakt på innmark er det også tillate å skyte mot dyr på beite som ligg i direkte tilknyting til innmarksarealet. Jegeren har sjølv ansvar for å sikre forsvarleg bakgrunn og trygg jaktutøving.
All jakt skal følgje oppgitte månefaser og tidspunkt i samsvar med tabellen på nettsida. Tabellen gjeld for september, oktober og november. I desember kan det jaktast heile døgnet.
Kvart bruk har eitt jaktkort. Grunneigaren har ansvaret for utleigeforholdet, inngår avtale med leigetakar og informerer denne om jaktreglar, eigedomsgrenser, jaktleiar, ettersøkshund og andre relevante forhold.
Leigetakar skal sjølv dokumentere betalt jegeravgift og bestått skyteprøve digitalt i portalen. Jegeren er godkjend for jakt først når styret har stadfesta dette.
Styret/kasserar stadfestar også at jaktkort til Grunneigarlaget er betalt i portalen.
Kontrakt mellom valdet og jegeren skal signerast digitalt av begge partar og skal gjelde den konkrete eigedomen avtalen omfattar, med oppgitt gards- og bruksnummer. Kontrakten skal til kvar tid vere tilgjengeleg for nedlasting for jeger, grunneigar og styret. Fysisk kopi er ikkje naudsynt.
Framleige av jaktretten er ikkje tillate.
Jegeren skal sjå til at Grunneigarlaget sin halvdel av slaktet kjem inn på kjølerom innan 24 timar.
⸻
2. Jakt og kvote
Kvar jeger har rett til å jakte innanfor gjeldande jakttid fram til kvota er felt.
Samla kvote for 2026 er 40 dyr for heile storvaldet.
I samsvar med avskytingsavtalen med Ørsta kommune, godkjent areal på jaktfelta og styret si vurdering, er kvota for 2026 fordelt slik:
* 2 bukkar – inntil 8 taggar
* 6 bukkar – inntil 6 taggar
* 8 spissbukkar
* 16 koller
* 8 kalvar – fri avskyting
Uttak av vaksne dyr
I september kan kvar jeger i utgangspunktet felle eitt vaksent dyr.
Frå og med 15. september 2026 kan alle jegerar felle vaksen kolle, uavhengig av om jegeren tidlegare har felt eit vaksent dyr eller ikkje.
For vaksen kolle vert den tidlegare grensa på 40 kg oppheva.
Det betyr at vaksne koller kan fellast uavhengig av slaktevekt frå og med 15. september.
Kolle over 55 kg
Grensa på 55 kg gjeld framleis som grunnlag for kompensasjon til Grunneigarlaget.
Dersom ei felt kolle har slaktevekt over 55 kg, skal jegeren betale kr 50 per kg for den delen av slaktevekta som overstig 55 kg.
Døme:
* Kolle på 55 kg: kr 0
* Kolle på 56 kg: kr 50
* Kolle på 60 kg: kr 250
* Kolle på 65 kg: kr 500
Betalinga skal gjerast til Grunneigarlaget etter at slaktevekta er fastsett.
Avskyting og endringar
Styret kan innanfor den samla kvota på 40 dyr gjere nødvendige endringar i fordelinga av kvota dersom dette er nødvendig for å oppfylle avskytingsavtalen eller forvaltningsmåla.
⸻
3. Feilskyting
Jeger som feller feil dyr eller for mange dyr, skal slakte og stelle dyret på beste måte og straks melde frå til jaktleiar.
Ved feilfelling kan valdstyret velje mellom følgjande reaksjonsformer:
a) Dyret, eventuelt med gevir, vert overført til eit anna jaktfelt som ikkje har fylt kvota og som er villig til å ta imot slaktet.
b) Ved feilfelling av ein dyretype det ikkje er fleire att av på kvota, kan det ved gjentaking verte ilagt eit gebyr på kr 500.
Felling av eit yngre dyr enn det tildelte, av same kjønn, vert ikkje rekna som feilskyting. Dette er i tråd med prinsippet om å spare avlsdyra.
Felling av for mange dyr
Ved felling av for mange dyr avgjer storvaldstyret kva av følgjande alternativ som skal nyttast:
* Eit anna jaktfelt som har att tilsvarande dyr på kvota, kan overta dyret.
* Dyret kan registrerast på jaktfeltet si kvote og trekkjast frå ved neste års tildeling.
* Dyret kan gå av storvaldet si reservekvote. Då skal vedkomande jeger eller jaktlag kjøpe dyret sjølv, eller selje det til marknadspris til inntekt for storvaldet.
Dersom reservekvota er oppbrukt, skal viltnemnda varslast.
Dersom same jeger eller jaktlag feller feil dyr eller for mange dyr fleire gonger, kan reaksjonen skjerpast. Dette kan til dømes vere at kvota påfølgjande år vert redusert tilsvarande feilskytinga eller med det doble av feilskytinga.
Det skal inngåast forpliktande jegerkontrakt mellom valdet og jegeren som regulerer desse forholda.
Ved brot på driftsplansforskrifter, retningslinjer for jeger eller jegerkontrakt kan valdstyret utestenge jegeren for resten av jakttida eller neste jaktperiode.
Retningslinjer for jeger og jegerkontrakt skal reviderast på kvart årsmøte.
⸻
4. Endringar under jakta
Styret kan vedta reglar for jakta undervegs innanfor vedtekne kvotar, godkjend forvaltningsplan og viltlova med forskrifter.
Dette er særleg aktuelt dersom fellinga vert svært skeiv i høve til avskytingsavtalen.
Styret kan også vedta å frede eit tal koller i siste del av jakta dersom det står att mykje kalv.
⸻
5. Registrering og informasjon
Jaktleiar fører statistikk over felte dyr og restkvote. Dette vert gjort kjent med oppslag på tavla ved «Varden» og på nettsida.
Nettsida er til kvar tid den gjeldande kjelda for oppdatert informasjon om kvotar og restkvotar.
Alle felte dyr skal straks registrerast på nettsida, slik at jaktleiar er informert i sanntid.
Jegeren har sjølv ansvar for å halde seg orientert om kva som til kvar tid står att av kvota.
Når kvota nærmar seg full, vert det sendt varsel på push og e-post når det står att eitt dyr og når kvota er fylt.
Det kan vere noko forseinking i informasjonen på «Varden».
Ved skadeskyting skal jaktleiar Nils Valaas Lundsvoll kontaktast på telefon etter at hunde-/ettersøksekvipasje er kontakta.
Skadeskyting er definert som at det er løyst skot og dyret ikkje kan lokaliserast eller ikkje ligg.
Jegerar som går ut i terrenget, skal registrere kvar dei har tenkt å jakte ved å melde seg inn på rett sone på nettsida.
Dersom andre jegerar ønskjer å jakte i same sone, skal dei kontakte jegeren som er innlogga i den aktuelle sona.
⸻
6. Opplæringsjeger
Den som har leigd jaktrett med ein grunneigar i Nordre Vartdal Grunneigarlag, kan ta med éin person for opplæring utan ekstra kostnad.
Opplæringsjegeren må vere barn av leigetakar og falle innanfor ramma viltlova set for opplæringsjeger:
* alder 16–18 år
* bestått jegerprøve
* bestått skyteprøve
Opplæringsjegeren er ikkje pliktig til å løyse statleg jegeravgiftskort.
⸻
7. Slakt og kontroll
Dyr som vert felt, skal slaktast og takast vare på på beste måte.
Halvparten av slaktet tilfell jegeren eller jegerane, medan den andre halvparten tilfell jaktfeltet (Grunneigarlaget). Grunneigarlaget sel sin del vidare til medlemmane.
Etterspurnaden avgjer om jegeren kan få kjøpe av Grunneigarlaget sin del.
Det skal takast vare på:
* hovud
* hjarte
* lunge
* milt
* lever
* nyrer
Dette skal vere tilgjengeleg for godkjenning av slaktet.
Kontrollen skal gjennomførast innan 24 timar, men helst straks etter slakting.
Dyret skal godkjennast av ein av følgjande feltkontrollørar:
* Bjørn Rekkedal – 915 88 938
* Ove Vartdal – 416 87 290
* Kim Erik Mek – 908 42 032
* Petter Kvien – 908 86 909
* Audun Vartdal – 450 66 995
Feltkontrollørane har ansvaret for kontrollen.
Vert dyret ikkje godkjent, må jegeren kjøpe dyret.
Når dyret er godkjent, skal Grunneigarlaget ha den beste halvdelen av slaktet.
⸻
8. Dyrkamark
Kvar grunneigar har framleis full råderett over eiga innmark etter tidlegare praksis og sedvane.
Storvaldet oppmodar til samarbeid mellom grunneigarane.
Det skal alltid vere grunneigaren, og ikkje leigejegeren, som disponerer jakt på dyrkamark.
Dette er for at grunneigaren kan sleppe andre jegerar til dersom han til dømes ønskjer meir intensiv jakt for å ta ut skadedyr.
⸻
9. Køyring i grålysning og skyming
Når jeger køyrer til eller frå området der han jaktar i grålysninga eller skyminga, skal det takast ekstra omsyn.
Unngå å lyse på dyra og unngå unødvendige stopp.
⸻
10. Fullmakt til styret
Styret i valdet har fullmakt frå årsmøtet til å endre jaktreglane ved behov.
⸻
11. Jaktradio
Det er påbod om jaktradio i storvaldet.
Radioen skal stå på kanal 4.
⸻
12. Hygiene
Jeger og eventuell medhjelpar skal sørgje for god hygiene under slakting og seinare behandling av slaktet.
Manglande etterleving kan medføre at jegeren må løyse inn den delen av slaktet som skulle tilfalle Grunneigarlaget.
⸻
13. Kjøp av hjortekjøt
Ønske om kjøp av hjortekjøt skal meldast på nettsida, eventuelt på SMS til:
Per-Erik Vartdal – 971 92 655
⸻
14. Ettersøkshund
Storvaldet har avtale om ettersøkshund med Volda & Ørsta Ettersøksring for jakta 2026.
Telefonnummer og annan informasjon om ettersøksekvipasje finn ein på nettsida.
Nordre Vartdal